Stengt basseng i veke 17 og mest sannsynlig i veke 18

Postet av Stord Baby Og Barnesvømmeklubb den 26. Apr 2022

Hei alle saman!


Rehabiliteringssenteret har oppdaga skader på flisene i bassenget i dag og har dermed stengt bassenget. Dei vert nødt til å tappe ut alt vatnet i bassenget for å ordne flisene og berre tapping av bassenget tar ca. 6 dagar. 

Det vil difor vera stengt for svømming i morgon, 27.april, og mest sannsynlig vera stengt i neste veke også, onsdag 4.mai. 
Skulle bassenget verte opna til neste veke så skal me få sendt ut ny beskjed, men per no ser det ut til at det vil vera stengt.

Me beklager for eventuelle ulemper dette medfører for medlemmane våre, men det er sjølvsagt viktig at bassenget er i forsvarlig stand.

Me skal få sett på muligheten for å utvida semesteret vårt med to veker, slik at sommeravslutninga vert 1.juni istedenfor 18.mai, men dette kjem me også eventuelt tilbake til i ny beskjed.

Ønskjer dykk fine veker i finveret, så sjåast me snart!

Vennlig helsing
Stord baby og barnesvømming

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.